
Haustsesongen i DnF hadde denne veka eit viktig avspark, med møter i Rådhusgata 7. Det litterære råd hadde sitt møte i går, tysdag, med påfølgande felles møte med styret. Haustens første styremøte skjedde i dag, onsdag.
Ein av sakene på dagens styremøte var søknadar til manusmidlar for minoritetsspråklege. Styret innstilte fire søkjarar til stønad. Tildeling avheng av at DnFs søknad til Kulturrådet blir innvilga.
I fjor vart 150 000 NOK innvilga til denne ordninga. Då innstilte styret seks søkjarar til potten. Av desse prosjekta er fire av dei heilt ferdigstilte per i dag. Ordninga har tidlegare resultert i minst tre utgjevne bøker på norske forlag: finske Päivi Laaksos Myggfangerne (2016), den iranske fribyforfattaren Soudabeh Alishahis Smil og Abera Lemmas novellesamling frå 2017, Enketrøsteren.
Det er óg valt kven av søkjarar til pilotprosjektet på DnF-initiert lydbokinnspeling, der seks medlemmar er valte ut til å få lest inn sine tekstar.
Adminstrasjon informerte elles om Strategiutvalet, som no er nedsett, ein gjennomgang av foreløpig rekneskap for DnF for 2017, og andre saker, som DnFs foreningshytte i Østerdalen, Hemstugu.
Det litterære råd hadde sitt møte i går, og innstilte til å innvotere fire nye medlemmar i foreninga. Styret gjorde vedtak på å innvotere desse fire, som blir presenterte når dei er informerte og har betalt medlemsskapskontigenten.
Etter Rådets møte i går var det eit felles møte med styre og råd. Dette møtet, som har vore gjennomført regelmessig sidan tidleg nittital, er ein arena for styre og råd å diskutere større, prinsipielle tema, og ta opp igjen måten desse to institusjonane er organiserte seg imellom, kvar institusjon sin autonomi og ansvar, og i går, særleg tilhøvet til vedtekter kva gjeld medlemssøknadar.
Alle var samde i at det var god stemning og bra energi på det første møtet etter sommarferien. Bak vassflaska er leiar i DnF, Heidi Marie Kriznik.
Hospitant på dagens styremøte: Tom Egelands hund Teddy.