Quantcast
Channel: Den norske Forfatterforening (DnF)
Viewing all articles
Browse latest Browse all 888

Frank A. Jenssen er død

$
0
0
Frank A. Jenssen (frå forfattarens heimeside)

Frank A. Jenssen døydde natt til fredag etter lang tids sjukdom. Forfattaren blei 65 år gamal.

Frank A. Jenssen kjem frå Kjøpsvik i Tysfjord, og gir ut første boka si i 1981. Romanen Saltbingen får Tarjei Vesaas' debutantpris. Så venter jenssen 23 år, og kjem med andre romanen sin, Lengselens år, i 2004. Han blir då medlem i DnF, og sit óg i styret i foreninga i ein kort periode. Om tredjeboka, Snøen er aldri hvis, skriv Dagbladets Cathrine Krøger at "både en ibsensk Brand og en hamsundsk Oliver dukker opp i boka hans". "Perle fra nord", kallar ho den. 

Ved sidan av å vere forfattar er Jenssen musikar og journalist, og lagar mellom anna naturprogram for NRK Radio og dokumenterer lofotfiske og kvalfangst. Jenssen døyr natt til fredag 9. juni. 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 888