Quantcast
Channel: Den norske Forfatterforening (DnF)
Viewing all articles
Browse latest Browse all 888

Forfattersentrum skal utgreie muleg namnebytte

$
0
0

DnFs søsterorganisasjon Norsk forfattersentrum har hatt årsmøte. Årsmøtet har gjenvalt Alfred Fidjestøl til nestleiar, har fått Bjørn Arild Ersland som ny styremedlem og stemt for at styret skal utgreie eit muleg namnebytte, som var eit innsendt forslag. 

På programmet er også ein paneldebatt om lyrikk og kringkasting, med diktar Sandra Lillebø, førsteamanuensis i sosiologi, Arve Hjelset, kanalsjefen i P2, Ole Jan Larsen og debattleiar Cathrine Strøm.

"Annelita Meinich gjer ein strålande jobb. Men vi gjer likevel lurt i å fornye," seier Ole Jan Larsen. Han seier at "P2 har som ambisjon å treffe dei kultur- og nyhendeinteresserte lyttarane," og lovar at dei skal bli endå flinkare på lyrikk. Av områda han meiner P2 har vore mindre gode på er å presentere dei dikta som lyttarane allereie har eit godt forhold til. 

img_1364.jpg

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 888