Quantcast
Channel: Den norske Forfatterforening (DnF)
Viewing all articles
Browse latest Browse all 888

Om ubehaget i grammatikken

$
0
0
Brit Bildøen (f.v), Theis Ørntoft og Sigmund Løvåsen under eit seminar med danske poetar og forfattarar frå Samlaget (Schäffergården, sept 2016)

– Grammatisk ubehag heldt på å ta både motet og forstanden frå meg, fortel Inger Bråtveit om å gjendikte den danske poeten og forfattaren Olga Ravns diktsamling Eg et meg som lyng. Samlaget gir no ut ny dansk lyrikk - på nynorsk.

– Det gir ikkje meining å omsetje dikta mine til bokmål. Bokmål er så tett på dansk allereie. På nynorsk blir det ein ny tekst, sa Olga Ravn til Dagsavisen i går (1/2-2017). Dei fortel der om koplinga som Samlaget har gjort mellom danske og norske poetar, og skriv om ein annan, Theis Ørntoft, at han er “Danmarks litterære wonderboy”. Ei bokmelding skildrar “Dikt 2014” som Voldsomt ambisiøs, på grensen til det uforskammede. “Full av originale og fantasifulle bilder”, skriv Dagsavisen også. Så det er kanskje ikkje tilfeldig at to sterke norske poetar tok arbeidet med å gjendikte akkurat denne boka. Ho er ei av fire bøker som Det norske samlaget gir ut no: alle er danske poetar i gjendiktning ved yngre, norske poetar. Danskane Theis Ørntoft, Olga Ravn, Asta Olivia Nordenhof og Amalie Smith er gjendikta av, i same rekkjefølgd, Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese, Inger Bråtveit, Anna Kleiva og Siw Anita Kirketeig. 

"Vildt fedt", sa Ravn, om det å bli gjendikta til nynorsk. Men kva synest gjendiktaren om arbeidet sitt? Vi har tatt ein prat med Inger Bråtveit:

Korleis har det vore å gjendikte Olga Ravn?

Det har vore vanskeleg, utmattande og einsamt. Og difor lærerikt.

Grammatisk ubehag heldt på å ta både motet og forstanden frå meg. 

Men heldigvis møtte eg ein fantastisk dansk forfattarstudent i Bø ved namn

Signe Holm Pedersen, som hjelpte meg til å forstå at det poetiske språket til 

Ravn ikkje berre var dansk, men faktisk Ravnsk, og ikkje alltid var å finna eller å slå opp i den danske ordboka. 

Å få det danske språket over til nynorsk syntaks har kjendest som ein kamp med og mellom to uforeinelege krefter, 

men på Det Norske Samlaget finst det kvinner som har kunnskap om språket, langt utover språket sine grenser, 

så difor gjekk alt bra til slutt, som det heiter i eventyret.

 

Kva tilhøve hadde du til Ravns tekst før du byrja, og kva tilhøve har du til verket no?

For å forstå poeten Olga Ravn bør ein nok elska både språket og heksekunsten, 

samt ha ei interesse eller forståing for rasande musikk på både høgt og lågt volum.

Skamlaust og kulturkritisk lyfter Olga Ravn fram den kvinnelege erfaringa i eit energisk knyttneveslag

mot patriarkatet i noko som ikkje liknar anna, men som difor i seg sjølv vert eit konseptuelt kunstobjekt, 

på grensa til eit kjønnspolitisk språkmanifest.

 

Det gjekk ord om at samtidspoesi frå dei yngre, danske forfattarane var særleg god og at det var særleg mange av desse særleg gode poetane. Samlaget fanga dette opp og byrja å samle rettane til fleire av unge, danske. Kva tenkjer du om poesi i Danmark, er det særleg mange sterke, yngre poetar der no?

Dansk poesi er inne i ein glødande gullalder der det rår ein fandenivaldsk attitude, som strekkjer seg langt ut i sosiale media og bloggar og gud veit kva, men som har klart å bryta ned avstanden mellom institusjonen og utdøvaren, for no å snakka som ein sportskommentator.

Her finst ei politisk medvitne og eit alvor, - som faktisk sel bøker! 

Kanskje er dette paradoksalt nok eit resultat av eit årelangt arbeid i Forfatterskolen i København heilt attende frå Poul Borum si tider, der han også var redaktør for tidsskriftet Hvedekorn? Eg veit ikkje. No finst jo også både forlaget Gladiator som driv forfatterskulen Gladiator, der forlaget sine forfattarar og gjesteforfattarar underviser, men på meg verkar det som om det finst stor ein levande og lesande dansk underskog av poesi. 

 

Og kva med Norden; er det her særleg mange samtidige, sterke, yngre poetar?

Det er det kanskje, men for poesien er alder inga hindring.

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 888